Proton
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eit proton (frå gresk protos, 'først') er ein subatomær partikkel. Det er den positivt ladde partikkelen som dannar kjernen i hydrogenatomet og som saman med nøytronet, bygger opp alle andre atomkjernar.
Remove ads
Ladningen er like stor som elektronladningen, medan massen er 1,00728 atommasseiningar eller 1,67262·10-27 kg. Det er 1836 gongar massen til elektronet og litt lettare enn eit nøytron. Det består av to oppkvarkar og éin nedkvark. Det har spinn ½ℏ, der ℏ = Planckkonstanten h dividert med 2p) og magnetisk moment 2,793 kjernemagneton.
Protonet og nøytronet vert i lag kalla nukleon, men medan eit nøytron i fri tilstand kan desintegrere til eit proton, eit elektron eller antinøytrino, vert protonet å vere stabilt. I følgje eksperiment har protonet ei levetid på kring 1031 år eller meir. Sjølv om protonet verkar å vere stabilt, vil det i prinsippet i den sameinte teorien og i elektrosvak teori, der elektromagnetisk, svak og sterk vekselverknad, vere ustabilt. Ein har prøvd å påvise protondesintegrering i eksperiment sidan 1970-åra, men ein har så langt ikkje funne noko.
Protonet vart oppdaga i 1918 av Ernest Rutherford, men stundom vert Eugen Goldstein rekna som den første, då han i 1886 påviste kanalstråler av positive hydrogenion i utladingsrøyr. Wilhelm Wien fann i 1897 forholdet mellom masse og ladning av desse partiklane. Rutherford foreslo i 1920 å kalle desse partiklane for proton.
Remove ads
Kjelder
- proton. (14.10.2011) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/proton
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads