Provinsen Ancona

From Wikipedia, the free encyclopedia

Provinsen Ancona
Remove ads

Provinsen Ancona (italiensk Provincia di Ancona) er ein provins i regionen Marche i Italia. Hovudstaden er byen Ancona. Han har eit areal på 1 940 km² og totalt 465 906 innbyggjarar i 2006. Det er 49 kommunar i provinsen.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Provinsen strekkjer seg frå kysten av Adriahavet og vestover til Appenninane, og terrenget vert gradvis høgare og meir fjellendt bort frå kysten. Dei fleste innbyggjarane bur langs kysten, og om lag ein fjerdedel av alle innbyggjarane bur i byen Ancona. Andre større byar er Fabriano, Jesi, Loreto, Osimo og Senigallia.

Kyststripa i provinsen består av sandstrender som er populære turistmål. Dei sentrale områda er jordbruksland, der ein produserer raud- og kvitvin av druer som Sangiovese, Montepulciano og Verdicchio. Fjellområda er tett skogkledd og her finn ein det mest kjende jordbruksproduktet, svart trøffel.

Remove ads

Største kommunar

Per 30. juni 2005

Meir informasjon Kommune, Ibuarar ...

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads