Messina-provinsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Provinsen Messina[a] er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Messina. Han har eit areal på 3 247 km² og totalt 662 450 innbyggjarar i 2005. Det er 108 kommunar i provinsen.
Provinsen omfattar Dei eoliske øyane, som alle er ein del av kommunen Lipari (bortsett frå øya Salina). Området er stort sett fjellkledd bortsett frå elveslettene ved munningen til dei forskjellige elvane. Den største sletta ligg i området mellom Milazzo og Barcellona Pozzo di Gotto, som i lag med Messina dannar eit storbyområde med om lag 500 000 innbyggjarar, eit av dei største i Sør-Italia. Mykje av innbyggjarane bur langs kysten etter at åsbyane stort sett vart forlatne på 1800-talet.
Den største fjellryggane er Peloritani (opp til 1300 m) og Nebrodi (opp til 1900 m) , som begge er ein del av eit regionalt naturreservat.
Av elvar i provinsen finn ein Alcantara og Pollina, som dannar grense mot provinsen Palermo i vest.
Dei største kommunane er:
Remove ads
Merknader
- italiensk Provincia di Messina; siciliansk Pruvincia di Missina
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads