Pu'er
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pu'er (kinesisk: 普洱; pinyin: Pǔ'ěr) er eit byprefektur sørvest i provinsen Yunnan i Folkerepublikken Kina. Prefekturet grensar i vest til Myanmar og heilt i søraust til Laos. Pu'er har eit areal på 45 385 km² og eit folketal på om lag 2,36 millionar.
Remove ads
Geografi
Byprefekturet Pu'er omfattar eitt distrikt (区 qū) og ni autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).
Historie
Mellom 1950 og 2007 heitte byprefekturet for Simao.
Næring
Pu'er-te, ein av best kjende tesortane frå Kina, kjem frå fylket Ning'er i byprefekturet.
Samferdsle
Riksveg 213 i Kina går gjennom området. Han tek til i Lanzhou i Gansu og fører via Chengdu og Kunming til byen Mohan ved grenseovergangen til Laos. Også Kinas riksveg 323 leier gjennom området. Han byrjar i Ruijin i provinsen Jiangxi og fører gjennom Guangdong og Guangxi og endar opp i Lincang i Yunnan, på grensa mot Myanmar.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pu'er» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads