Pungreker

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pungreker
Remove ads

Pungreker eller rekeborn (Mysida) er ein orden små krepsdyr som lever over heile verda. Dei liknar på små reker, men kan skiljast frå dei ved at dei har fjorten-seksten bein på framkroppen i staden for ti. Desse kan dog vera vanskelege å få auga på. Ein skil dei frå kril på at dei manglar gjeller (unnateke Lophogastrida).

Kjappe fakta

Dei fleste pungreker er små (2-80 mm, i norske farvatn vanlegvis 10-20 mm) og slanke småkreps med mange veldig små todelte bein som vert brukt til å symje med. Dei har godt utvikla ryggskjold som dekker mesteparten av overkroppen, og fasettaugo på stilk. Det finst nesten 1000 beskrivne artar mysider, og dei lever på alle havdjupner. Dei fleste er altetarar som filtrerer algar, plankton og drivande detritus or vatnet.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads