Pýlos

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pýlosmap
Remove ads

Pýlos (gresk Πύλος), historisk kjend under det italienske namnet Navarino, er ein by og tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Sidan 2011 har han vore ei kommunaleining i kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes, der han er hovudsete.

Meir informasjon Pýlos Lokalt namn Πύλος, Geografi ...

Pýlos var før administrasjonsstad for den tidlegare provinsen Pylía. Nærliggande landsbyar er mellom andre Jálova, Eleófyto, Skhinólakka og Paleónero.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Pýlos 4 559 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 2 222 innbyggjarar.[1]

Pýlos er ein viktig arkeologisk stad på vestkysten av Peloponnes. Pýlos frå bronsealderen vart først graven ut av Carl Blegen i 1952. Denne staden ligg ved den moderne Áno Eglianós om lag 9 km nordaust for bukta. Blegen kalla restane etter eit stor mykensk palass der det såkalla «Nestorpalasset» etter den homerske herskaren Nestor, som styrte over «sandete Pýlos» i Iliaden. Pýlos vart fråflytta ei stund etter 700-talet fvt. og er stort sett ukjend i antikken.[2]

Remove ads

Referansar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads