Pytheas frå Massalia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pytheas frå Massalia
Remove ads

Pytheas frå Massalia (fødd ca. 380 f.Kr., død ca. 310 f.Kr.) var ein gresk handelsmann, geograf og oppdagar frå den greske kolonien Massalia (dagens Marseille i Frankrike). Han gjennomførte ei sjøreise for å utforska det nordvestlege Europa rundt 325 f.Kr. Han segla rundt det meste av Dei britiske øyane.

Thumb
Statue av Pytheas i byen Marseille i Frankrike.

Pytheas er den første ein kjenner til som har gjeve skriftlege oppteikningar om midnattssola, nordlyset og polarisen, og den første til å nemna namnet «Britannia» og germanske stammar. Landet han kom til i nord kalla han «Thule», dette var sannsynlegvis Noreg. Kor langt nord han kom i Noreg er umogleg å vita, men enkelte har meint at han må ha segla til Hålogaland for å kunna skildra nordlyset. Dønna og Træna er blant dei øyane i Nordland som då peikar seg ut.

Remove ads

Referansar

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads