Quo vadis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Quo vadis
Remove ads

Quo vadis eller Quo vadis, Domine ('Kvar går du, Herre?') er eit latinsk sitat som ifølgje tidlege kristne overleveringar var spørsmålet apostelen Peter stilte Jesus Kristus då denne viste seg for han på Via Appia like utanfor Roma. Kristus svarte at han var på veg til Roma for å la seg krossfesta for andre gong. Dette fann stad då Peter var på flukt frå Nero sine forfølgingar. Orda frå Kristus fekk Peter til å venda tilbake, og han døydde som martyr i Roma, krossfesta med hovudet ned.[1]

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå romanen Quo vadis.
Thumb
Domine, Quo Vadis. Teikning av Jacopo Vignali frå 1600-talet.

Soga og sitatet blei berømt gjennom romanen Quo vadis av den polske forfatteren Henryk Sienkiewicz frå 1895. Romanen blei omsett til rundt 30 språk, og bidrog til at Sienkiewicz vann Nobelprisen i litteratur i 1905.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads