Røldalstunnelen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Røldalstunnelen er ein vegtunnel på Europaveg 134 og Riksveg 13 i Ullensvang kommune i Vestland. Tunnelen går gjennom Røldalsfjellet mellom Hordadalen og Seljestadjuvet. Han er 4 657 meter lang og det høgaste punktet i tunnelen er 876 moh.[1] Røldalstunnelen vart opna i 1964, og var den lengste vegtunnelen i Noreg til Haukelitunnelen opna i 1968.
Foto: Svein Harkestad
Ny tunnel er vedtatt og skal etter planen oppast for trafikk i 2031. Den nye tunnelen er om lag 13 km lang og vil erstatte dagens Røldalstunnel, Seljestadtunnelen og dei tunge stigningane i Håradalen.[2]
Som mange andre tunnelar i Noreg er Røldalstunnelen noko plaga med kondens. Kondensen kan føra til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar til når ein køyrer inn i tunnelen.[3]
Remove ads
Sjå òg
- Seljestadtunnelen
- Vegtunnelar i Noreg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads