Rørvik

by i Nærøysund kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Rørvik
Remove ads

Rørvik er ein by og administrasjonssenter i Nærøysund kommune i Trøndelag. Byen ligg på øya Indre Vikna på vestsida av Nærøysundet.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Rørvik ligg i eit typisk kystlandskap og bygningane er for det meste gamle og nye trehus. Staden har eit typisk småbypreg. Rørvik er ei viktig fiskehamn, og Telenor Mobil har eit av kundeservice-sentra sine der. Ved Rørvik ligg Nærøysundbrua som bind Vikna saman med fastlandet (Nærøy). Rørvik er fast stoppestad for Hurtigruta, og kvar kveld møter nordgåande og sørgåande hurtigrute einannan i Rørvik. Dei viktigaste næringsvegane i Rørvik er fiskeri og telekommunikasjon. I Rørvik er det eit museum som viser kystkulturen og fiskerihistoria i Noreg gjennom tidene. Dette museumet heiter Norveg og er vorte ein viktig turistattraksjon på staden.

I Rørvik ligg den vidaregåande skulen i distriktet, Ytre Namdal vidaregåande skule (YNVS).

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads