Røyk

samling av luftborne partiklar og gassar From Wikipedia, the free encyclopedia

Røyk
Remove ads

Røyk er eit fellesnamn på synlege avgassar frå forbrenning eller industriprosessar. Hovudmassen av røyk består av gassar, oftast av nitrogen, oksygen, karbondioksid og vassdamp. Røyk er synleg på grunn av røykpartiklar, som utgjer ein liten del av massen i røyken sjølv om partiklane opptrer i store mengder i røyken. Røykpartiklane er særs små, oftast under 1 μm i diameter.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå røyk (fleirtyding).
Thumb
Røyk frå eit vulkanutbrot.

Røykpartiklar frå forbrenning kan bestå av oske, uforbrent stoff og sot. Røykpartiklar frå metallurgiske prosessar er danna ved kondensasjon, og er kuleforma. Eit velkjent eksempel er røyk frå omnar for framstilling av ferrosilisium. Røykpartiklane er her små kuler av glassaktig (amorft) silisiumdioksid, dei fleste omkring 1/10000 mm i diameter.

Kunstig røyk blir brukt militært for å gjere observasjonane til fienden vanskelegare. Røyken kan mellom anna framstillast av olje (ved ufullstendig forbrenning) og av titantetraklorid. Røyk inneheld også små mengder ioniserte gassar og partiklar med elektrisk ladning.

Remove ads

Kjelder

«røyk – avgass» i Store norske leksikon, snl.no.

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads