Røys

From Wikipedia, the free encyclopedia

Røys
Remove ads

Ei røys er ei ihopkasta eller nedrasa dunge av stein eller anna materiale. I overført tyding kan ordet vise til ei stor, gjerne rotete mengd.

Thumb
Ei røys av skallar av amerikansk bison.
Thumb
Ei riksgrenserøys på grensa mellom Sverige og Noreg; røys nummer 272

Ei større røys av stein som har laga seg til i terrenget av naturlege årsaker, vert vanlegvis kalla ei ur. Døme på menneskeskapte steinrøyser er rydningsrøysene, samankasta haugar av stein som er fjerna frå nydyrka eller oppdyrka mark og åker, slåtteengar og liknande. Andre menneskeskapte steinrøyser er dei såkalla varpa attmed ferdavegar og stigar, som folk har lagt opp gjennom tidene ved å ha kasta ein stein innpå når dei fór forbi, anten av overtru eller etter gamal tradisjon, sed og skikk. I førkristen tid vart det òg bygd steinrøyser over graver til nokre utvalde av dei avlidne, gravrøyser, som særleg i bronsealderen kunne vere store og ha ei dominerande plassering i landskapet.

Ein særleg type steinrøyser er dei såkalla grenserøysene som markerar riksgrensa mellom Noreg og grannelanda. Dei er meir som steinvardar å rekne.

Remove ads

Etternamn

Røys, Røyse og Røysi er norske etternamn og namn på gardar.

Namneberarar

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Røys
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads