Riksförbundet för sexuell upplysning

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU) er ein svensk ideell organisasjon som arbeider med seksuell og reproduktiv helse og rettar, og med informasjon og opplysing kring seksualitet og samliv.[1] Ei av dei viktigaste kampsakene har vore og er retten til fri abort.[2]

Kjappe fakta Skipa, Nettstad ...

Arbeidet til RFSU kviler på tre rettar: retten til å vera, retten til å nyta og retten til å velja.

Remove ads

Virke

RFSU arbeider med opplysning, utdanning og opinionsdanning gjennom å arrangera kurs, konferansar, og delta i debattar. Dessutan driv organisasjonen eit omfattande internasjonalt arbeid saman med liknande organisasjonar i andre land. Han er medlem av IPPF (The International Planned Parenthood Federation).[3]

RFSU sin klinikk i Stockholm arbeider med prevensjonsrettleiing, seksualrådgiving, psykoterapi og råd, testar og vaksiner mot nokre seksuelt overførbare sjukdommar.[4] Klinikken arbeider også med forsking og utdanning.

Lokalforeiningane arbeider med informasjon og utdanning. Lokalforeiningane kursar frivillige som driv med opplysning i skular.

Remove ads

Historie

RFSU blei grunnlagt 1933 av blant anna Elise Ottesen-Jensen,[5] Gunnar Inghe og Hanna Lundin. Elise Ottesen-Jensen var leiar frå starten til 1959, og ho er den som sterkast blir forbunde med organisasjonen. Tidsskriftet til RFSU, Ottar, er oppkalla etter henne.[6]

RFSU er partipolitisk og religiøst uavhengig,[7] men har røtene sine i radikal sosialisme.

Lina Fridén er forbundsordførar sidan 2023.[8]

Remove ads

RFSU Norge AS

RFSU Norge AS vart skipa 1. juni 1973.

Dagleg leiar er Annika Jerveland.[9]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads