Radøy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Radøymap
Remove ads

Radøy er ei øy i Nordhordland i Alver kommune. Radøy er omgitt av fastlandet og andre øyar på alle kantar. Ho er skilt frå fastlandet på Lindåshalvøya i aust av eit langt og til dels svært smalt sund. I nord skil Hoplandsosen Radøy frå Fosnøy i Austrheim. I vest skil Mangerfjorden og Radfjorden øya frå Holsnøy i Meland. Fylkesveg 565 går over øya frå nord til sør med brusamband til Lindåshalvøya i sør og til Fosnøy i nord. Manger er den største tettstaden på øya. Andre tettstader med over 200 innbyggjarar er Haugland og Austmarka.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Fram til 1964 var øya delt mellom kommunane Hordabø, Manger og Sæbø, med to mindre delar i Lindås kommune og éin liten del i Austrheim kommune. I 1964 vart det meste av øya samla i Radøy kommune, men sørspissen var framleis del av Lindås. Frå 2020 er heile øya del av Alver kommune.

Folketalsutvikling:

1900[1] 2000[2] 2023[2]
4802 51421 60581

1Med Fesøyna

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads