Rafał Brzozowski

polsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Rafał Brzozowski
Remove ads

Rafał Brzozowski (fødd 8. juni 1981) er ein polsk songar, tv-programleiar og tidigere brytar. Han var ein av programleiarane for Junior Eurovision Song Contest 2020 i Warszawa, og han har leia program som The Name of the Tune og den polske versjonen av Lykkehjulet. Brzozowski vart vald ut til å representere Polen i Eurovision Song Contest 2021 med songen «The Ride».[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Brzozowski starta sin musikalske karriere i 2012, då han deltok i den polske utgåva av The Voice. Kort tid etter slapp han debutsingelen «Tak blisko» (så nært), og han følgde opp med debutalbumet med same namn. I 2014 kom oppfølgjaralbumet Mój czas (min tid).[1] Parallelt med musikkarrieren har han etablert seg som programleiar for underhaldningsprogram på polsk fjernsyn. Han var blant anna programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2020, som vart sendt frå Warszawa.[2]

I 2021 vedtok den polske allmennkringkastaren Telewizja Polska at Brzozowski skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Songen hans «The Ride» kom med i den andre semifinalen torsdag 20. mai.[1]

Dei to største lidenskapane til Brzozowski er idrett og luftfart. Han vann ein bronsemedalje i bryting i den polske akademimeisterskapen. Han er privatflygar og jobbar for å ta flysertifikat i luftakrobatikk.[1]

Remove ads

Diskografi

Album

  • 2012 – Tak blisko
  • 2014 – Mój czas
  • 2014 – Na święta
  • 2015 – Borysewicz & Brzozowski (med Jan Borysewicz)
  • 2016 – Moje serce to jest muzyk, czyli polskie standardy

Singlar

  • 2012 – «Tak blisko»
  • 2012 – «Katrina» (feat. Liber)
  • 2012 – «Gdy śliczna Panna»
  • 2013 – «Za mały świat»
  • 2013 – «Nie mam nic»
  • 2013 – «Za chwilę przyjdą święta»
  • 2014 – «Magiczne słowa»
  • 2014 – «Świat jest nasz»
  • 2014 – «Linia czasu»
  • 2015 – «Kto»
  • 2015 – «Jeden tydzień»
  • 2015 – «Słowa na otarcie łez» (med Jan Borysewicz)
  • 2016 – «Zaczekaj – tyle kłamstw co prawd»
  • 2017 – «Sky Over Europe»
  • 2017 – «Już wiem»
  • 2020 – «Gentleman»
  • 2021 – «The Ride»
Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads