Ragnar Thorseth

norsk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ragnar Thorseth (fødd 17. februar 1948) er ein norsk eventyrar og forfattar frå Herøy på Sunnmøre.

Kjappe fakta

Ragnar Thorseth vart kjend som eventyrar etter fleire dristige turar i mindre båtar. I 1969 rodde han som første mann åleine frå Noreg (Måløy) til LerwickShetland. I det neste tiåret reiste han mellom anna Nordishavet rundt, over Atlanterhavet og gjennom Nordvestpassasjen. I 1982 var han med på ein snøskuterekspedisjon som gjekk over isen til Nordpolen. Målet vart nådd 29. april. I perioden 19841986 sigla han verda rundt med «Saga Siglar». På slutten av 1980-talet var han og familien ein vinter i isaudet i KongsfjordenSvalbard.

I 1989 starta han saman med si dåverande kone, Kari, opp Håholmen Havstuer på Håholmen i Hustadvika. Seinare er denne seld.

I august 2000 vart han utsett for ei alvorleg rideulykke. I 2003 spelte han inn tre program i dokumentarserien "Med torsk til Lofoten", saman med sin gode venn Malvin Frisnes. Ragnar Thorseth er frimurar.

Ragnar Thorseth har gitt ut bøker med tekst og bilete frå alle dei største ekspedisjonane.

Remove ads

Ekspedisjonar

  • 24. juli3. august 1969 - Ragnar Thorseth rodde frå Måløy til LerwickShetland
  • 1971 - Reiste Nordishavet rundt, om lag 6000 nautiske mil med den 32 fot lange «Santho»
  • 1975 - Brukte fem månader over Atlanterhavet med «Cleng Peerson» langs leia nytta av dei første norrøne oppdagarane til Vinland, ein tur på 8500 nautiske mil som enda i New York i USA
  • 19791980 - Passerte Nordvestpassasjen på same viset som Roald Amundsen i ein 20 fots båt
  • 29. april 1982 - Nådde Nordpolen som del av den fyrste norske ekspedisjonen som tok seg fram over isen
  • 19841986 - Sigla jorda rundt med vikingknarren «Saga Siglar»
  • 19871988 - Overvintra saman med familien i KongsfjordenSvalbard i båten «Havella»
  • 1991 - Thorseth var kaptein på gokstadskipkopien «GAIA» frå Noreg til New York i USA
  • 2015 - Rodde og segla 67 år gamal sør langs kysten, over til Shetland og tilbake.
Remove ads

Bibliografi

  • Alene over Nordsjøen - og eventyrferder i Nordishavet - 1979 (Nordvest informasjon)
  • Med kurs for Nordvestpassasjen: 75 år etter Roald Amundsen - 1981 (Nordvest informasjon)
  • Ferden mot Nordpolen - 1982 (Hjemmet)
  • Forlis: Nord i isheimen - 1983 (Nordvest informasjon)
  • Saga siglar: århundrets seilas jorda rundt - 1988 (Nordvest forlag)
  • Familien i isødet: En vinter i Kongsfjorden på Svalbard - 1989 (Grøndahl)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads