Ramat David
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ramat David (hebraisk רָמַת דָּוִד, tyder Davidhøgdene) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Galilea nær Ramat David flybase og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 233.
Kibbutzen vart grunnlagd i 1926, og vart kalla opp etter David Lloyd George, som var statsminister i Storbritannia då Balfour-erklæringa vart vedteken i 1917.
Forfattaren Roald Dahl landa sitt RAF Hurricane på ei flystripe ved Ramat David tidleg i 1941 og skildra tyske jødiske flyktningbarn som budde der på den tida i sjølvbiografien sin Going Solo.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads