Rat für deutsche Rechtschreibung
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rat für deutsche Rechtschreibung («Rådet for tysk rettskriving»), forkorta RdR, er det viktigaste internasjonale reguleringsorganet for tysk rettskriving. Rådet har hovudsete i Mannheim i Tyskland og blei oppretta i 2004 som ein etterfylgjar til Zwischenstaatliche Kommission für deutsche Rechtschreibung («Den mellomstatlege kommisjonen for tysk rettskriving»), for å femne om både forkjemparane og motstandarane av den tyske rettskrivingsreforma i 1996 (og seinare reformer).[1]

RdR består av 39 medlemmar frå land og regionar i det tyske språkrommet (deutsche Sprachraum):[2]
- Tyskland: 18 rådgjevarar
- Austerrike: 9 rådgjevarar
- Sveits: 9 rådgjevarar
- Provinsen Bolzano (Italia): 1 rådgjevar
- Det tysktalande fellesskapet i Belgia: 1 rådgjevar
- Liechtenstein: 1 rådgjevar
- Luxembourg: 1 observatør (har ikkje stemmerett)
Luxembourg var ikkje med å utforme reforma i 1996 og er heller ikkje eit fullverdig medlem av rådet, trass i at landet har tysk som eit av sine offisielle språk. Luxembourg deltek likevel i La Francophonie og har medlemmar i Académie française.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads