Gamalsei

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Gamalsei er ein matrett som er laga av sei. Seien vert lagra i saltlake i eit år, utan at han er bløgga eller skòla, slik at det vert noko «liv i lakjen», og fisken vert både fermentert og speka.

Gjennom den langvarige mogningsprosessen får han ein raudleg farge; difor vert han òg kalla raudsei. Denne måten å laga til fisk på er vanleg i Romsdal og nordover Nordlandskysten.

Det er vanleg å ete koka raudsei med potet, kvit saus eller gulrotstuing og gjerne steikt flesk. Tradisjonell drikke til raudsei er vatn.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads