Raudspette

fiskeart From Wikipedia, the free encyclopedia

Raudspette
Remove ads

Raudspette er ein art i flyndrefiskordenen. Arten er lett kjenneleg på den brune, glatte oversida med dei karakteristiske raude «spettene».

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Fisken vert normalt ca. 50 cm lang og veg kring eitt kg, men individ på opp til ein meter med vekt på heile sju kg er observert. Raudspetta kan likne på sandflyndre, som også har raude flekkar, men skil seg frå denne på at skinnet er glatt og slimete, medan sandflyndra sitt skinn har større skjel og tynt slimlag, og gir ei ru kjensle. På hovudet har raudspetta fire til sju beinknutar på ei rekkje frå auga bak til den fremre delen av sidelinja. Raudspetta lever på sandbotn ned til ca. 250 m djupn langs heile norskekysten. Ho lever særleg av børsteormar.

Remove ads

Fiske

Raudspetta er ein svært god matfisk som i enkelte land, mellom andre Danmark, er mykje ettertrakta og viktig økonomisk. Det går føre seg eit stort fiske etter arten i Nordsjøen. Langs norskekysten er det lite yrkesfiske etter raudspetta, men ein god del vert teken som bifangst, særleg i rekefiske, og av hobbyfiskarar. Største fisken som er teken i Noreg vart fanga i Dalsfjorden i Bygstad i Sunnfjord. Fisken, som vog 5,2 kg og var 69 cm lang, vart teken på sportfiskereiskap.

Remove ads

Hybridisering

Raudspetta kan danne hybridar med skrubbe og sandflyndre.

Freding

Grunna overfiske er raudspetta freda mot alt fiske i delar av året i Noreg. Fredingstida startar 1. mars over heile landet. I Sør-Noreg varer fredinga ut mai, lengre nord ut heile juni eller til og med august. Fredingsperiodane fell grovt sett saman med arten sine gytetider.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads