Re-ac-tor
studioalbum av Neil Young & Crazy Horse frå 1981 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Re-ac-tor er eit studioalbum av Neil Young og Crazy Horse, som kom ut i 1981. Albumet blandar den elektriske gitarstilen som Crazy Horse var kjend for mot slutten av 70-åra med tidleg 80-tals New Wave-rytmar. Den enkle, overdrivne lyden på songane er eit framhald av dei punkrock-aktige songane på Rust Never Sleeps, som «Sedan Delivery».
Albumet fekk dårleg kritikk, bortsett frå det siste sporet på albumet, «Shots». Albumet var det første der Neil Young nytta Synclavier, som han skulle nytte mykje på dei seinare albuma Trans (1982) og Landing on Water (1986).
Albumet kom ikkje ut på CD før det vart gjeve ut på HDCD i 2003.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Neil Young
Medverkande
- Neil Young – vokal, gitar, Synclavier, piano, klapping
- Frank Sampedro – gitar, Stringman, vokal, klapping
- Billy Talbot – bass, vokal, klapping
- Ralph Molina – trommer, perkusjon, vokal, klapping
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads