Recep Tayyip Erdoğan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Recep Tayyip Erdoğan
Remove ads

Recep Tayyip Erdoğan (fødd 26. februar 1954) er ein tyrkisk konservativ politikar. Han har sidan 28. august 2014 vore president i Tyrkia, før det var han statsminister i landet frå 2003 til 2014. Han er leiar for partiet AKP, Adalet ve Kalkınma Partisi («Partiet for rettferd og utvikling»), som er eit parti som omtalar seg sjølv som «islamsk-konservativt».

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Remove ads

Bakgrunn

Erdoğan vart fødd i Istanbul. I 1985 var han leiar av Velferdspartiet i byen. Han var borgarmeister i Istanbul frå 1994 til 1998. Velferdspartiet vart forbode i 1998, fordi den påstått islamistiske ideologien til partiet streid mot det strenge skiljet mellom politikk og religion i den tyrkiske grunnlova. Frå mars til juli 1999 sona Recep Erdoğan fire månader av ei ti månaders fengselsstraff han vart idømd for å «oppeldna til religiøst hat».[1]

Erdoğan og hans fløy av Velferdspartiet stifta AKP i 2001. Ved valet 3. november 2002 vart AKP det største partiet med 34,3 % av røystene. Det vann reint fleirtal i parlamentet. Erdoğan var ikkje kandidat ved dette valet, fordi straffedømde ikkje hadde høve til å stilla til val etter grunnlova. Abdullah Gül frå AKP vart mellombels statsminister.[2] Grunnlova vart endra slik at Erdoğan fekk høve til å verta valt inn i parlamentet,[1] og 14. mars 2003 tok han over som statsminister.

Erdoğan er gift, og har to søner og to døtrer.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads