Recklinghausen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Recklinghausen er ein by i Tyskland i Ruhrområdet i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 110 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonsstad i landkreisen med same namn.
Remove ads
Historie
Recklinghausen vart først nemnd i år 1017 som Richoldinchuson. Sidan 1150 har byen vore sentrum i det såkalla Vest Recklinghausen, eit forvaltings- og domstolsområde for heile regionen. Vest Recklinghausen høyrte til kurfyrstedømet Köln fram til 1802. I 1236 fekk Recklinghausen fullstendige byrettar.
Mellom 1514 og 1706 vart det brend hekser i byen. Forfølgjinga av heksane hadde sitt høgdepunkt i 1580–1581 og 1588–1589.
Etter at kurfyrstedømet Köln vart avskaffa kom Recklinghausen til hertugdømet Arenberg, i 1811 til storhertugdømet Berg og i 1814 til den prøyssiske sivilstyresmakta mellom Weser og Rhinen. I 1815 vart byen ein del av provinsen Westfalen i Preussen.
I 1949 vart Recklinghausen ein storby, det vil sei at han fekk meir enn 100 000 innbyggjarar. I 1975 vart Recklinghausen sete i kreisen Recklinghausen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads