Reddik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Reddik er ei rotfrukt i krossblomfamilien. Reddikar blir dyrka mange stader i verda, og finst i mange varietetar med ulike storleik, farge og dyrketid.
Reddikrøter er runde eller sylinderforma, og har skalfarge som kan variera frå kvitt til raudt til lilla eller svart. Dei kan ha storleik frå eit par gram i tidlege sommarreddikar til fleire kg i japanske vintertypar.
Røtene har ein frisk smak som kan bli bitter i eldre røter. Den sterke smaken kjem av sennepsolje som finst i planten. Ein kan eta heile planten, og blada kan brukast som spinatvekstar eller som spirer.
Sommarreddik er mest vanleg, og har gjerne ei kulerund, raud- eller rosafarga rot. Vinterreddik er noko mindre kjend i Noreg. Denne har gulrotform og er gjerne lysare raudfarga eller kvit.
Remove ads
Namn
Det vitskaplige namnet Raphanus er gresk og betyr «hurtig forekomande». Det norske namnet «reddik» kjem frå latin radix som betyr «rot».
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads