Regionar på New Zealand

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ein region er det øvste nivået av lokalstyrte område på New Zealand. Landet har 16 regionar. Tolv av desse er styrte av eit valt regionstyre (regional council), medan fire er styrte av territorialstyre (territorial authorities) (det nest høgaste nivået av lokalstyre) som også utøver funksjonane til eit regionstyre, og som derfor på New Zealand vert kalla unitary authority (eller einskapleg forvalting), og desse områda er dermed territoriale regionar. Det styrande organet på øygruppa Chatham Islands (Chatham Islands Council) er sett på av mange som ei einskapleg forvalting, men øyene er formelt rekna som ein del av regionen Canterbury. Regiongrensene følgjer for ein stor del distriktsgrensene, men det er fleire unntak: Den sørlege grensa til regionen Auckland går til dømes midt gjennom Franklin District.

Remove ads

Lovgrunnlag

Eit regionstyre er eit av dei regionale råda som er nemnde i Lov om lokalstyre av 2002 (Local Government Act 2002).[1] Lova reknar opp dei ulike regionstyra på New Zealand og kunngjeringane deira i The New Zealand Gazette då dei vart oppretta i 1989.[2] Lokalstyrelova pålegg regionstyra å fremja ei berekraftig utvikling - sosialt, økonomisk, miljømessig og kulturelt, innanfor deira område.[3]

Ansvarsdeling

  • Regionstyresmaktene har det fremste ansvaret for:
  • Territoriale styresmakter har ansvar for:
  • Lokal arealplanlegging (urban og rural planlegging),
  • Utbygging av leidningsnett for til dømes vatn, kloakk og flaumvatn.
  • Handsaming av avfall i fast form.
  • Lokale vegar.
  • Bibliotek.
  • Offentlege friområde og reservat.
  • Utvikling av lokalsamfunn.

Det er ofte ei høg grad av samarbeid mellom regionale og territoriale styresmakter ettersom dei kan ha samanfallande roller.

Remove ads

Finansiering

Eigedomsskattar vert brukte til til å finansiera både regionale og territoriale offentlege oppgåver.

Andre funksjonar

Regionstyra har òg ansvar for ei rekkje andre funksjonar i medhald av lover og vedtekter.[4]

  • Regional skadedyrkontroll etter Lov om biotryggleik av 1993 (Biosecurity Act 1993).[5]
  • Flaum og vassdragskontroll i medhald av Lov om kontroll med jordvern og vassdrag av 1941 ( Soil Conservation and Rivers Control Act 1941).[6]
  • Sivilforsvar i medhald av Sivilforsvarslova av 1990 (Civil Defence Emergency Management Act 1990)[7].
  • Handsaming av farleg avfall i medhald av Lov om fårlege substansar og nye organismar av 1996 (Hazardous Substances and New Organisms Act 1996 (HSNO)).[8]
  • Hamnevesen og sjøtransport i Lov om sjøtransport av 1994 (Maritime Transport Act 1994).[9].
  • Planlegging av offentleg transport etter Transportlova av 1998 (Land Transport Act 1998).[10]
  • Tilsyn og administrasjon av reservat ligg hjå regionstyra i medhald av Lov om reservat av 1977 (Reserves Act 1977).[11]

Regionstyra har også ansvaret for tilsyn med tryggleiken til demningar i medhald av Bygningslova av 2004 (Building Act 2004).[12]

Remove ads

Oversikt over regionane

Meir informasjon Region, Administrasjonssete ...
Remove ads

Landområde utanfor regionane

Utanfor kysten til New Zealand ligg ei rekkje øyer som ikkje ligg innanfor grensene til nokon bestemt region. Øyene Chatham Islands er ingen region, sjølv om det valde styret der har noko av myndet til eit regionstyre etter Lov om utnytting av miljø- og naturressursar av 1991 (Resource Management Act 1991)[13]. Øygruppene Kermadec Islands og dei subantarktiske øyene som New Zealand krev herredøme over, er tilhaldsstad for nokre få tilsette frå Miljødepartementet. Miljøvernministeren har fått fullmakt til å opptre som eit regionstyre for desse øyene.

Remove ads

Val av region- og territorialstyre

Regionstyra vert valde med tre års mellomrom, enten ved fleirtalsval (partival) eller personval der den røysteføre kan rangera kandidatar frå ulike partilister.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Referansar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads