Reidar Sandal

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Reidar Sandal
Remove ads

Reidar Sandal (fødd 24. mars 1949 i Vågsøy i Sogn og Fjordane) er ein norsk politikar frå Arbeidarparti stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 1995-1997.

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Reidar Sandal var første vararepresentant til Stortinget frå 1989 til 2001, og møtte fast i Kjell Opseth si statsrådtid, frå 3. november 1990 til 22. desember 1995, då han sjølv blei statsråd, kyrkje-, utdannings- og forskingsminister fram til 17. oktober 1997.

Han blei deretter vald inn på Stortinget i 2001 og sat i to periodar fram til 2009, då han ikkje tok attval. Frå desember 2006 og ut stortingsperioden var Sandal leiar for finanskomiteen.

Sandal tok til som leiar av Noregs Bank sin representantskap i januar 2010. Frå 2010 til 2014 var han styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Han vart på ny vald til dette vervet i 2022. Frå 2010 til 2014 leia han styret for Innovasjon Norge.

Remove ads

Medlemskap i regjering

Stortinget

Medlemskap i presidentskapen

  • Reidar Sandal var første varapresident i Stortinget i perioden 11. oktober 199322. desember 1995.

Stortingskomitear

  • 1989–93: medlem av finanskomiteen frå 15. september 1992
  • 1989–93: medlem av sjøfarts- og fiskerikomiteen frå 8. november 1990 til 15. september 1992
  • 1993–97: medlem av finanskomiteen og valkomiteen til 22. desember 1995
  • 2001–05: medlem av kommunalkomiteen
  • 2001–05: medlem av valkomiteen
  • 2005–09: medlem av finanskomiteen, leiar frå 5. desember 2006
  • 2001–09: medlem av valkomiteen
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads