Tyva
republikk i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tyva[a] eller Tuva er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Kyzyl, arealet er 170 500 km² og innbyggjartalet 330 368 (2021). Republikken grensar til Mongolia i sør. Fram til 1944 var han ein sjølvstendig folkerepublikk. I Tyva ligg det geografiske punktet i verda som ligg lengst frå havet.
Remove ads
Folkesetnad
Den einaste større byen er Kyzyl med 109 900 ibuarar.[1]
Den største delen av folket er etniske tuvinarar, eit tyrkisk folkeslag, som kulturelt har mykje til felles med mongolar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
- Tuvinarar: 81,0 %
- Russarar: 16,1 %
Andelen tuvinarar har auka sidan oppløysinga av Sovjetunionen, frå 64,3 % ved folketeljinga i 1989.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


