Restriksjonsenzym

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Restriksjonsenzym eller restriksjonsendonukleasar er enzym som kløyver DNA-molekyl. Dei er særs vanlege hjå prokaryotar og verkar der som eit vern av genomet til organismen mot framand DNA, til dømes bakteriofag-DNA.

Restriksjonsenzym kjenner att sekvensar på nokre få basepar og kløyver DNA-molekylet i desse sekvensane. Soleis gjev eit visst restriksjonsenzym kvar gong ei viss samling DNA-fragment for eit visst DNA-molekyl. Denne eigenskapen gjer restriksjonsenzym til ein særs viktig reiskap i genteknologi, til dømes ved innsetjing av DNA-sekvensar i plasmid.

I organismar kjem restriksjonsenzym i lag med metyltransferasar som metylerer restriksjonssekvensane i DNA-et til organismen, slik at restriksjonsenzymet ikkje kløyver desse.

Remove ads

Kjelder

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads