Rheine
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rheine er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 80 000 innbyggjarar. Byen er den største byen i kreisen Steinfurt og ligg ved elva Ems, om lag 40 km nord for Münster, 45 km vest for Osnabrück og 45 km aust for Enschede (Nederland).
Remove ads
Historie
Sjølv om området rundt byen har vore busett sidan førhistorisk tid vart Rheine først nemnd i eit dokument signert av Ludvig I i 838. Den 15. august 1327 fekk Rheine byrettar av Ludvig II, biskop av Münster.
Byen vart grunnlagd der to gamle handelsvegar kryssa forbi, og ved ein vadestad over Ems. Frankiske soldatar sikra dette strategiske punktet med ein kasernegard, og seinare vart det bygd ei kyrkje og fleire bygningar ved utposten.
Mot slutten av trettiårskrigen vart byen lagt i oske. Svenske og hessiske troppar omleira keisaren sine soldatar som forskansa seg i Rheine. Datoane 20. og 21. september og 19. oktober 1647 vart brennande kanonkuler avfyrt mot byen og 365 hus brann ned.
Under industrialiseringa blømde tekstilindustrien i byen. Han var ein viktig økonomisk faktor for Rheine fram til andre halvdel av 1900-talet.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads