Rheinland-Pfalz

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rheinland-Pfalz
Remove ads

Rheinland-Pfalz er eit forbundsland i Tyskland. Hovudstaden er Mainz, arealet er 19 853 km² og folketalet 4 084 844 i 2018. Rheinland-Pfalz ligg sørvest i Tyskland, og grensar til Nordrhein-Westfalen, Hessen, Baden-Württemberg, Frankrike, Saarland, Luxembourg og Belgia. Området var del av den franske okkupasjonssona etter den andre verdskrigen og delstaten vart oppretta gjennom samanslåing av Rhein-Pfalz med den prøyssiske Rhinprovinsen og delar av det vestlege Hessen.

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...
Remove ads

Geografi og geologi

Landskapet i Rheinland-Pfalz er prega av rhinske skiferplatå som vert gjennomskoren av dei djupe dalføra til Mosel, Rhinen og Lahn. Elvane deler landskapet i fire delar: fjell- og bakkelandskapa Hunsrück og Eifel vest for Rhinen og Westerwald og Taunus austom Rhinen. Den største elva i delstaten er Rhinen som dannar grense med Baden-Württemberg og Hessen.

Dei høgaste fjella i Eifel er vulkankjegler, i Hunsrück og Taunus kvartsittryggar og i Westerwald basaltkuplar. Dei høgaste områda i Hunsrück når opp i vel 800 moh. Bakkelandskapet i sør er dekt av Pfälzerskogen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads