Rift
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rift er eit geologisk omgrep for ei avlang trau- eller kløftforma forsenking som blir danna i område med fleire parallelle normalforkastingar som vender mot kvarandre. Særleg kjent er Riftdalen i Aust-Afrika. Riftsystem opptrer i samband med byrjande oppsprekking av ei kontinentalplate eller ved havbotnspreiing.

Oslofeltet er ei såkalla paleorift, det vil seie at ho er ikkje lenger aktiv. Rifta utgjer heller inga vesentleg terrengmessig forsenking.
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.