Rigabukta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rigabukta (latvisk Rīgas Jūras līcis, estisk Liivi Laht) er ei bukt i Austersjøen mellom Latvia og Estland.

Bukta dekkjer eit areal på 18 000 km², og på det djupaste er ho 54 meter. Øya Saaremaa i Estland skil delvis bukta frå resten av Austersjøen. Øya Ruhnu i midten av bukta høyrer òg til Estland.
Store byar som ligg ved bukta er mellom anna Riga og Pärnu. Dei største elvane som munnar ut i Rigabukta er Daugava, Lielupe, Gauja og Salaca.
Remove ads
Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «Gulf of Riga» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2007.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads