Fylkesveg 8850

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fylkesveg 8850
Remove ads

Fylkesveg 8850 i Finnmark går mellom Hesseng og Nyrud i Sør-Varanger kommune.

Kjappe fakta Strekning, Informasjon ...

Vegen tar av frå E6 ved Hesseng og går forbi Sandnes og Bjørnevatn sørover i Pasvikdalen til Nyrud. Vegen er 97,6 km lang. Vegen er asfaltert, bortsett frå dei sørlegaste 5 km som er grusveg.[1]

Sidan 1930-talet har det eksistert planar på å forlenge vegen frå Nyrud og sørover, forbi treriksrøysa på Krokfjell og vidare til Nellim i Finland. Den såkalla Mellomriksvegen er framleis under administrativ og politisk behandling, og det blei lagt fram ei konsekvensutreiing med kostnadsoverslag i 2006.[2][3] I 2020 avgjorde regjeringa at prosjektet skulle leggjast på is, og at fylket måtte betala for ein slik veg.[4]

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trøddde i kraft fekk han status som fylkesveg. Fram til 2019 hadde vegen nemniinga fylkesveg 885, og var ein primær skilta fylkesveg.[5] Samtidig som vegen fekk nytt nummer blei fylkesveg 357 og fylkesveg 362 i Finnmark del av vegen.[6] Hovudstrekninga (den opphavlege Fv885) er framleis primær fylkesveg.[7] Vegen blir ikkje lenger skilta med nummer.[8]

Remove ads

Kommunar og knutepunkt

Finnmark

Sør-Varanger kommune

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads