Rio Poqueira
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Río Poqueira er ei elv i La Alpujarra i provinsen Granada i Spania. Ho spring ut nær toppen av Mulhacén, det høgaste fjellet i Sierra Nevada og renn sørover. Nær munningen ligg eit vasskraftverk og den forlatne busetnaden La Cebadilla, som vart bygd for å huse arbeidarane. Elva renn gjennom ei dramatisk kløft. I austsida av kløfta klamrar landsbyane Capileira, Bubión og Pampaneira seg til fjellsida og har vorte kjende turistattraksjonar. Ved Pampaneira, nær brua der hovudvegen mellom Órgiva og Lanjarón kryssar elva, ligg eit anna vasskraftverk. Sør for Pampaneira munnar Poqueira ut i Rio Trevélez like før ho igjen munnar ut i Rio Guadalfeo.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Poqueira River» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

