Rio Tinto i Spania
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Río Tinto er ei elv sørvest i Spania som spring ut i Sierra Morena-fjella i Andalucia. Ho renn hovudsakleg sør-sørvestover og munnar ut i Cádizbukta via estuaret Ria de Huelva. Río Tinto eller «Den raude elva», er kjend for å vere særs sur (pH 2), og har ein djup raudaktig farge på grunn av jern som er løyst opp i vatnet. Dette kjem av avrenning frå gruver i området og har skapt eit alvorleg miljøproblem på grunn av dei store mengdene med tungmetall i elva.
Remove ads
Historie
Jernmalmen vart avsett i karbontida (300-350 mill. år sidan) på grunn av hydrotermal aktivitet på havbotn. Det har vorte drive gruvedrift i området sidan tartessarane og iberarane starta denne drifta om lag 3000 f.Kr. Gruvedrifta heldt fram gjennom fønikiartida og under Romarriket fram til andre halvdel av 1400-talet. Det vart hovudsakleg vunne ut kopar, men òg jern og mangan. På 1800-talet vart gruvedrifta teke opp att på stor skala , hovudsakleg av gruveselskap frå Storbritannia. Etter at produksjonen nådde ein topp i 1930, minka produksjonen og kopargruvene vart stengde i 1986, og sølv- og gullgruvene i 1996.[1]
Remove ads
Astrobiologi
Elva har nyleg fanga interessa til forskarar på grunn av ekstrmofile aerobiske bakteriar i vatnet. Desse livsformene vert rekna som årsaka til det høge syreinnhaldet i vatnet. Grunnfjellet under elveleiet inneheld jern og sulfidmineral som bakteriane lever av.[2][3]
Dei ekstreme tilhøva i elva kan kanskje samanliknast med andre stader i solsystemet som kan innehalde vatn, som under jorda på Mars. Forskarar frå NASA har òg direkte samanlikna kjemien i vatnet med steinprøvar frå Meridiani Planum.[4] Jupitermånen Europa inneheld kanskje òg flytande vatn under isflata, så elva er av interesse for astrobiologar.
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

