Robbie Keane

irsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Robbie Keane
Remove ads

Robert David Keane (fødd 8. juli 1980 i Tallaght i South Dublin) er ein irsk fotballspelar som spelar for LA Galaxy i amerikanske Major League Soccer og for det irske fotballandslaget. Keane passerte 100 landskampar for Irland 11. august 2010 i ein privatlandskamp mot Argentina. Han er Irland sin landslagskaptein.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Keane flytta til Wolverhampton i England som 15-åring, der han vart med på ungdomslaget til Wolverhampton Wanderers. Han debuterte for A-laget til Wolves 9. august 1997, i ein kamp mot Norwich City i nest høgste divisjon. I starten av 1999/2000-sesongen vart han selt til Premier League-klubben Coventry City for 6 millionar pund. Haustsesongen 2000 spelte han for Inter i italiensk Serie A etter å ha blitt selt for 13 millionar pund, men fekk ikkje spela meir der etter at klubben skifta trenar same haust. I desember 2000 vende han attende til England og Leeds United. Då Leeds fekk økonomiske problem, vart Keane i 2002 seld til Tottenham Hotspur, der han har spelt sidan, med unntak av perioden juli 2008 til februar 2009, då han spelte for Liverpool, og vårsesongen 2010 frå 1. februar, då han spelte for Celtic i Skottland. Han var Tottenham sin toppskårar i Premier League i 2005/06-sesongen og delt toppskårar i 2007/08-sesongen. I 2009/10-sesongen vart han Celtic sin toppskårar i den skotske eliteserien med 12 seriemål, endå han berre spelte for klubben i litt over tre månader.

Keane debuterte for Irland sitt A-landslag heime mot Argentina i 1998 og skåra det første landslagsmålet sitt mot Malta i oktober same året. Han var med i Irland sin tropp til fotball-VM i 2002, der han skåra tre mål i Irland sine fire kampar.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads