Robert Bosch

From Wikipedia, the free encyclopedia

Robert Bosch
Remove ads

Robert Bosch (23. september 186112. mars 1942) var ein tysk industrimann og velgjerar.

Bosch vart fødd i landsbyen Albeck i Langenau som det ellevte barnet til Servatius og Margarete Bosch, velståande bondefolk.

Bosch grunnla selskapet Robert Bosch GmbH, som er ein av dei største produsentane i verda av elektriske verktøy, hushaldsprodukt, bildelar og anna.

Han brukte store summar på gode føremål, og støtta mellom anna Technische Hochschule Stuttgart (den tekniske høgskulen i Stuttgart). I 1940 opna han sjukehuset Robert-Bosch-Krankenhaus i Stuttgart. Robert Bosch engasjerte seg òg for forsoning med den tidlegare motstandaren Frankrike etter første verdskrigen. Han døydde 12. mars 1942 i Stuttgart.

Remove ads

Litteratur

  • Heuss, Theodor: Robert Bosch : Leben und Leistung. - Stuttgart : DVA, 2002. - ISBN 3-421-05630-7
  • Knellessen, Wolfgang: Robert Bosch 1861-1942. - Stuttgart : Robert-Bosch-Haus, 1986, OCLC 165856932
  • Müller, Rainer: Das Robert-Bosch-Haus. - Stuttgart : DVA, 1988. - ISBN 3-421-02939-3

Bakgrunnsstoff

Sjå òg

  • Bosch
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads