Robert Hooke
britisk astronom og arkitekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Robert Hooke (27. juli 1635–3. mars 1703) var ein engelsk fysikar og matematikar.
Han var professor i geometri ved Gresham College frå 1665. Han fann opp lommeuret og gav i 1665 ut eit optisk arbeid, Micrographia, der han skildrar sine observasjonar med eit forbetra samansett mikroskop. Her finst dei første skildringar av plantene sine celler. Hooke gjorde òg ei rekkje forbetringar ved astronomiske instrument og konstruerte den første reknemaskinen. Han utførte ei mengd fysiske undersøkingar over fall-lova, pendelen, interferensfarger i tynne hinner, faste lekamar sine elastiske tilhøve og mykje meir.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- «Robert Hooke» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads