Robinho
brasiliansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Robson de Souza (fødd 25. januar 1984) er ein brasiliansk fotballspelar frå São Vicente. Han vert rekna for å vera eit av dei største fotballtalenta i verda. For tida spelar han for landslaget til Brasil, og for italienske AC Milan.
Remove ads
Remove ads
Karriere
Robinho starta å spela for den brasilianske klubben Santos FC i 2002. Han heldt fram med å spela for Santos til 2005, då han signerte femårskontrakt med den spanske klubben Real Madrid. Etter kvart ytra Robinho eit ynske om å forlata klubben.
I september 2008 vart han seld til britiske Manchester City for 42 millionar euro. Frå januar 2010 fekk Santos låna Robinho i seks månader, før han vart seld til AC Milan den 31. august 2010.
Robinho har spelt på det brasilianske landslaget sidan 2003. Som landslagsspelar har han delteke i fotball-VM 2006 i Tyskland, Copa America i 2007 og fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Under fotball-VM 2010 spelte han i kvar kamp Brasil fekk i konkurransen.
Remove ads
Privatliv
Robinho er gift med Vivian Guglielmetti. Dei har ein son i lag, som heiter Robson jr.
Kjelder
- Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Robinho.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads