Rolf-Göran Bengtsson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rolf-Göran Bengtsson (fødd 2. juni 1962) er ein svensk sprangryttar på internasjonalt toppnivå. Han har mellom anna vunne ein individuell sølvmedalje i OL i 2008 og eit lagsølv for Sverige i OL 2004.
Han vann EM-gull i 2011, og vart i januar 2012 den fyrste svenske ryttaren som toppa verdsrankinga i sprangriding. Bengtson var flaggberar for Sverige under dei olympiske leikane i London i 2012. I leikane i London tevla Bengtsson med holsteinarhingsten Casall. Til dagleg bur Rolf-Göran Bengtsson i Breitenburg i Tyskland, der han driv Stall Bengtsson & Kristoffersen saman med Bo Kristoffersen.
Remove ads
Kjelder
- Ryttarprofil hos den svenske olympiske komiteen (sida er på svensk) Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.
- Nettsida til Stall Bengtsson & Kristoffersen Arkivert 2012-08-25 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads