Rolvsøya
øy i Måsøy i Finnmark From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rolvsøya (nordsamisk Gádde-Ižžát) er ei øy i Måsøy kommune i Finnmark. Øya ligg nord for Kvaløya og vest for Havøysund. Rolvsøya har eit areal på 89,4 km² og det høgaste punktet på øya er Valfjordnæringen på 363 moh. Øya hadde 72 innbyggjarar i 2001.[1]
Det er hurtigbåtsamband frå Gunnarnes på Rolvsøya til Ingøy, Havøysund og Hammerfest.
Hurtigruteskipet D/S Richard With vart torpedert og forliste ved Rolvsøya den 13. september 1941. 103 menneske omkom.[2] Skipet vart torpedert av ein britisk ubåt.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads