Romelu Lukaku

belgisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Romelu Lukaku
Remove ads

Romelu Menama Lukaku Bolingoli (fødd 13. mai 1993) er ein belgisk fotballspelar, fødd i Antwerpen, som spelar for Inter Milan (2020).[treng kjelde]

Thumb
Lukaku under VM 2018
Kjappe fakta

I 2017 spelte han for den engelske fotballklubben Manchester United FC. Han hadde per 31. juli 2018 delteke i 75 kampar på det belgiske landslaget og vann bronsemedalje med landslaget under Fotball-VM 2018.

Lukaku spelte 2009-11 på RSC Anderlecht der han i 2010 var med å vinne den nasjonale serien. Sommaren 2011 vart han overført til engelske Chelsea FC, men fekk lite speletid i London-klubben og spelte i 2012/13-sesongen for West Bromwich. I september 2013 gjekk turen til Everton FC, ein klubb der han viste seg som ein sterk, flittig målskårar. Sommaren 2017 vart så Lukaku overført til Manchester United mot 90 millionar engelske pund.

Lukaku fekk sin landslagsdebut for Belgia knapt 17 år gammal i mars 2010. Han deltok både i Fotball-VM 2014, EM i fotball 2016 og i Fotball-VM 2018 i Russland. Under verdsmeisterskapen i Russland skåra han fire mål og gjorde sitt til at Belgia sikra seg bronsen med siger 2-0 over England. Lukaku har spelt 75 landskampar og skåra 40 mål for Belgia pr juli 2018.

Remove ads

Merittar

  • VM-bronse: 2018 for Belgia
  • Belgisk seriemeister: 2010 med RSC Anderlcht

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads