Rosenkakadu
art av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rosenkakadu eller rosenkakadue (Eolophus roseicapilla) er ei av dei mest vanlege og mest utbreidde kakaduene. Ein finn dei i opne landskap over store delar av fastlands-Australia.
Arten er endemisk for Australia inklusive Tasmania, der den karakteristiske rosa og grå fjørdrakta og den modige og framtredande åtferda gjer fuglen til eit kjent syn på landsbygda og aukande grad òg i urbane område. Rosenkakadu synast å ha tatt føremon av endringar i landskapet etter at den europeiske koloniseringa skjedde og kan ha tatt plassen til den sjeldne fagerkakadu, Cacatua leadbeateri i delar av området.
Rosenkakadu har ei bleik grå til medium grå overside, eit rosa andlet og bryst, og ein lys rosa fjørtopp. Kjønna skil seg generelt på eit punkt, augefarga. Hannar har ein mykje mørk brun, nesten svart iris, medan hoer har mellombrun til raud iris. Typiske er desse fuglane er ca. 35 centimeter lange, og veg mellom 300 og 400 gram.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Galah» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2009.
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads