Rosi Mittermaier
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rosemarie Mittermaier, kjend som Rosi Mittermaier (5. august 1950–4. januar 2023) var ein tysk alpinist frå Reit im Winkl i Bayern som vann Verdscupen i alpine greiner 1976. Under vinterleikane i Innsbruck i 1976 vann ho to OL-gull, eitt VM-gull og eitt OL-sølv.
Mittermaier debuterte i verdscupen i alpine greiner allereie i 1967, den sesongen turneringa kom i gang. Ho fekk sitt gjennombrot då ho i Schruns i Austerrike vann sin fyrste siger i eit verdscuprenn, i yndlingsgreina slalåm. Fram til mars 1976 vann ho til saman 10 renn i verdscupen, fire renn i den siste sesongen, då ho vann verdscupen samanlagt klart med 281 poeng, mot andreplasserte, sveitsiske Lise-Marie Morerod sine 214 poeng.
Mittermaier var i sitt livs form då ho under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart olympisk meister i slalåm og utfor, det siste ei stor overrasking. Ho var ikkje langt unna å vinne storslalåm, der ho måtta sjå Kathy Kreiner frå Canada framom seg på resultalista. Med sine plasseringar i enkeltrenna, vann ho eit suverent VM-gull i kombinasjonen.
Ho vann 14 tyske meisterskap.
Sidan 1980 er ho gift med alpinisten Christian Neureuther. Dei er foreldra til alpinisten Felix Neureuther.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads