Rubbestadneset

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Rubbestadneset er ein tettstad i Bømlo kommune i Vestland. Staden ligg på nordaustsida av øya Bømlo. Tettstaden har 1 425 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Rubbestadneset har grunnskule, vidaregåande skule, nærbutikk, hotell, bedehus, hurtigbåtstopp, frisørsalong og idrettshall med fotballbane. Rubbestadneset skulekorps vart stifta i i 1958.

Remove ads

Industri

Bygda vaks fram rundt Wichmann Motorfabrikk som produserte båtmotorar frå 1903 til 1978. Då selskapet gjekk konkurs, vart det innlemma i finske Wärtsilä Norway AS, som i dag produserer propellar, gir og framdriftssystem, samt vedlikehald på Wichmannmotorar.

Den gamle smia der ein starta produksjonen av motorar står framleis i sentrum, og er i dag nytta som museum og utstillingslokale.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads