Ryukyuspråk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ryukyuspråk
Remove ads

Ryukyu-språka (altenativt namn: hogen) er den eine greina av japansk-ryukyu-språkfamilien. Den interne klassifiseringa av ryukyu-språka er det ein del usemje om, forskarane er likevel samde om at det er seks ulike ryukyu-språk. Dei blir alla snakka på Ryukyu-øyene, ei øygruppe som strekkjer seg frå Japan ned mot Taiwan.

Kjappe fakta
Remove ads

Språk

  • Amami, blir snakka på Amami-øyene. Talarar: 130 000
  • Miyako (miyako myaaku hutsi), blir snakka på: øyene i Miyako-distriktet. Talarar: 55 783
  • Okinawa (okinawa uchinaaguchi) , blir snakka i dei sørlege og sentrale delane av Okinawa-øya og øyene rundt. Talarar: 900 000
  • Kunigami, blir snakka i Yanbaru-distriktetOkinawa-øya og på øyene rundt. Talarar: ???
  • Yaeyama (yaeyama yaima munii), blir snakka på øyene i Yaeyama-distriktet. Talarar: 44 650
  • Yonaguni, blir snakka på Yonaguni-øya i Yaeyama-distriktet. Talarar: 1 800

Språka er relativt nært kvarandre, talarar av dei mindre språka kan også okinawa. Avstanden mellom ryukyu-språka og japansk er større enn t.d. avstanden mellom engelsk og tysk.

Etter at Ryukyu-øyene vart annekterte av Japan på slutten av 1800-talet har det vorte ført ein sterk assimileringspolitikk frå Japan si side. På Okinawa-øya er det svært sjeldan at ungar lærer anna enn japansk, og sjølv om okinawa er det største av ryukyu-språka, har det få talarar under 20 år. Også dei andre språka har få unge morsmålstalarar.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads