Sår hals
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sår hals er smerte eller irritasjon i strupen.[1] Det er eit vanleg symptom som ofte skuldast akutt faryngitt (betennelse i halsen), men det kan òg oppstå som følgje av traume, difteri og andre tilstandar. Sår hals kan medføra mild, moderat eller ekstrem smerte.

Differensialdiagnose
Sår hals skuldast vanlegvis irritasjon eller betennelse. Den vanlegaste årsaka (80 %) er akutt og viral faryngitt, som er ein virusinfeksjon i halsen.[1] Andre årsaker er streptokokkhalsinfeksjon, traume og svulstar.[1] Ved gastroøsofageal reflukssjukdom kan magesyre straume opp i halsen og føre til sårheit.[2] Streptokokkhalsinfeksjon er ansvarleg for 37% av tilfella av sår hals hjå barn;[3] 5—15% hjå vaksne.[4]
Remove ads
Behandling
Analgetika som til dømes ikkje-steroide antiinflammatoriske middel og paracetamol kan bidra til behandlinga av smerte.[5][6] Mayo Clinic tilrår gurgling med varmt saltvatn og stemmekvile. Symptoma plar å stå ved lag i to til sju dagar ved fråvær av aktiv behandling.[7] Andre utbreidde lindringsmiddel er halspastillar, hostemedisin og kyllingsuppe, men desse har lite vitskapleg støtte.
Epidemiologi
I USA er det om lag 2,4 millionar legebesøk årleg som følgje av halsrelatert uro.[1]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads