Sælør
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sælør (òg kalla Sæløer, Sæløyene eller Seli) er ei lita øygruppe rett sør for Korshamn i innseglinga til Grønsfjorden i Lyngdal kommune i Agder. Sælør består av øyane vestre Sælør og austre Sælør, som i 1966 vart knytt saman av ein molo og som til saman er om lag 580 dekar stor.
Sælør er kanskje mest kjend for kongebesøka sine. Olav den heilage overvintra her i 1028, og Magnus den gode skal ha vitja øya i 1047 [1]. Det er funne restar av noko ein meiner kan vere ei kyrkje bygd av Olav den heilage under overvintringa.[2].
Det er òg funne fleire gamle vrak rundt Sælør, nokre datert så langt tilbake som til 1300-talet[3], noko som har ført til dykkeforbod rundt øyane.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Sæløer Vel Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads