Sífnos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sífnos (gresk Σίφνος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Sífnos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Hovudbyen på øya heiter Apollonía og ligg om lag midt på øya. Den nest største landsbyen er Kástro, som er bygd på toppen av ei høg klippe på nordvestkysten. Hamna, som ligg på vestkysten, heiter Kamáres.
Remove ads
Geografi
Sífnos ligg i den vestlege delen av Kykladane som har noko mindre turisme enn den austlege delen av øygruppa. Ho ligg mellom Sérifos og Mílos, vest for Dílos og Páros og om lag 130 km frå Pireus. Ho har eit areal på 74 km² og er 15 km lang og 7,5 km brei med ei kystlinje på 70 km. Folketalet er på om lag 2 500. Øya har ferjesamband med ruta som går mellom fleire av øyane i Kykladane og til Pireus.
Remove ads
Historie
Sífnos var ei velståande øy i antikken på grunn av gull- og sølvgruvene som var her. Dette veit ein på grunn av skattkammeret innbyggjarane bygde ved Delfi på 500-talet fvt. Ein veit derimot ikkje om gruvene gjekk tom eller om dei vart fylt med sjøvatn. Uansett stoppa produksjonen opp.
Øya har vore rik på leire, har mykje sol og fine temperaturar, og dette har gjort Sífnos til eit senter for keramikk i Egearhavet gjennom tidenene.
Remove ads
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Andre busetnader på øya:
- {{ikkjeraud|Kástro på Sífnos|Kástro} (124)
- Káto Petálio (121)
- Trouláki (84)
- Vathý (75)
- Ajía Marína (72)
- Kherrónisos (22)
- Khrysopijí (4)
Småøyar i kommunen:
- Kitrianí (0)
Referansar
Kjelde
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads