Sølvnitrat

uorganisk sambinding med kjemisk formel AgNO₃ From Wikipedia, the free encyclopedia

Sølvnitrat
Remove ads

Sølvnitrat er ei giftig og etsande kjemisk sambinding av sølv, nitrogen og oksygen. I si reine form ved romtemperatur og i atmosfærisk trykk opptrer stoffet som gjennomsiktige eller kvite krystallar.

Kjappe fakta Systematisk namn, Andre namn ...
Remove ads

Teknisk bruk

Sølvnitrat vert brukt i fotografisk film og i framstillinga av fargestoff. Dessutan utgjer det «kjelda» til sølv ved forsølving (mellom anna forsølving av glasplater som dermed blir til speglar).

Giftig verknad

Sølvnitrat er giftig ved inntak gjennom munnen eller nasen. Ved kontakt med hud kan stoffet skape brune misfargingar som gradvis blir svarte. Desse misfargingane kan ikkje vaskast vekk eller fjernast har ein først fått dei, må ein vente på at huda blir sliten vekk, og ny flekkfri hud vert danna innanfrå.

Løysningar med låge konsentrasjonar (t.d. 1 %) sølvnitrat verkar antiseptisk, og har tidlegare vore brukt som augedropar på nyfødde. Lapisstift vert framleis i nokon grad nytta i behandling av sår.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Sølvnitrat


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads